Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Rutine for oppretting av titlar på sak og dokument i sak-arkivsystemet

Oppretting av sakstittel:

  • Kor-Kva er hovudregelen. Der det ikkje er naturleg med kor, bruker ein berre kva.
  • Sakstittelen skal seie noko om kva saka dreiar seg om, kort og presist.
  • Dersom ei sak er unnateke offentleggjering, så må ein i sakstittelen skrive opplysningane som er unnateke offentleggjering etter @.

Oppretting av dokumenttittel:

  • Følg same prinsipp som sakstittel, kor-kva, men tittelen skal seie noko om innhaldet i det spesifikke dokumentet.
  • Namn på avsendar/mottakar skal registrerast slik som avsendar sjølv har oppgitt det, eks. namneformat: Ola Nordmann eller EDB as.
  • Vedlegg skal registrerast med kort og presis tittel som seier noko om innhaldet i vedlegget.
  • Dersom ein i tittelen på dokumentet skal skrive opplysningar som er unnateke offentleggjering, så må ein skrive dei opplysningane etter @. Det som ein skriv etter @, vil ikkje vise på postlista.
Laster...