Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no

Arkivplan Gol kommune

Gol kommune

Arkivplanen for Gol kommune er utarbeidd etter krav m.a. i arkivlova, kommunelova, offentleglova, forvaltningslova, personregisterlova og etter NOARK 5 standaren.

Arkivplanen skal vise dei faktiske tilhøva i kommunen og vil vere i kontinuerleg endring. Den skal ajourførast ein gong i året eller når det er store endringar i organisasjonen, eller vesentlege endringar i rutiner.

Arkivleiar er ansvarleg for at arkivplanen vert ajourført. Innspel til endring av arkivplanen skal sendast til arkivleiar, tone.modalen@gol.kommune.no.

Rådmannen har delegert det operative leiaransvaret for arkivtenesta i kommunen til arkivleiar. Arkivleiar har fullmakt til å rettleie og føre tilsyn med arkivarbeidet i kommunen, og er fagleg overordna arkivpersonalet.

Rådmannen ber alle sakshandsamarar gjere seg kjent med rutiner og ansvar som fylgjer av denne planen.